Bryne HK tek i bruk ny logo

Bryne HK har no teke i bruk ein ny logo. På årsmøtet vart det vedteke at klubben skulle jobbe vidare med ein ny logo i rund form, og no er den nye logoen klar til bruk.Den tidlegare logoen skal framleis brukast opp. Det betyr at klede og anna utstyr med den gamle logoen vil bli selde som vanleg så lenge vi har dette på lager.Når vi går tomme for dei ulike produkta med gammal logo, vil nye bestillingar bli produserte med den nye logoen.Vi håpar den nye logoen fell i smak, og at de blir like nøgde med den som vi er!